Det var ærefullt å få væra med å hjelpa Australia og folket der. Dette er tredje gang Team Rubicon Norge sender hjelp til Australia.
Huska når vi kom, trudde vi skulle bu telt heile perioden eg, og var forberedt på det. Men det vart berre ei natt,natta etter blåste heile telt vekk. Vi budde deretter på idrettshuset felles rom, reine luksusen 30 stk på rommet.
Mykje edderkopper, firfisler, froskar og nokre slanger i nærområdet, men det er greie dyr, berre å gjæra seg til kjenne, så går bra det og😉
Fyrste veka mykje rundt å hjelpte folk så dei kunne bu sikkert på branntomtene sine, farlige tre og branntomter, vart rydda. Kanskje det viktigaste var snakke med dei, du såg korleis dei lyste opp av traumene sine alle som ein som hadde mista alt dyr og hus.
Historiene var mange, her er berre ein. Lyden var som fleire jetmotorer på ein gong, og flammene på 100 meter komm over det hellige fjellet til Aboriginkvinne, og han såg sauene sine brenne levande, og oksygen vart sugd ut av husa, og folk døde av det. Barken til gummitre var reine brannbombene, flaug rundt i lufta og traff tilfeldige hus.
Brannsjefen som forsvarte brannstasjonen sin, fortalte om isoleringa, tomt for mat, og dei som oppna butikkene. Alle hadde ein historie. Før paradis, no helvete på jord sa ho gamle dama som skulle flytte inn i garasjen til sonen sin.
Alltid mykje å gjera, dagen var for korte, men vi fekk det til om det var motorsaging, riving, flytting, hjelpa til med å få vatn og mykje meir.
Seinare var eg med Thor på skadesynfaring, vi fekk også innføring og bruk av app på iPad, viss den blir tekken i bruk blir det mykje meir effektiv arbeidsgang, enn papir og penn, ny teknologi.
Var også på nokre spesial oppdrag, å kjøyra ut mat til gamle heimer for eldre damer, det var eit rørande oppdrag. Møter med folk frå andre regiona som var meget hardt råka, arbeidslause og så dei som ga penger Rotaryklubben, dei med tittel Helter av Australia, og Krigsveteranforeninga i Australia.
Såg også hoved depoet med mat og utstyr, leverte noko der og.
Har fått mange gode venner frå Team Rubicon, også fra dei ramma og andre hjelpare av det australske folk som eg vil holda kontakten med vidare framover. Det var fint å sjå grønt over alt dei siste dagene på marka.
I min sivile jobb som Hoved Verneombud og mekanikar i Equinor, kjem eg til fortelle om korleis det er og var å ha dette oppdraget i Team Rubicon ånd.
Framifrå ledere hadde vi og, på kvar på sin måtte. Trur oppdraget var utført på ein god måtte,men det står uendelig mykje igjen.
Ei god helsing Jan Harald Torvund – DELTA









