
Det å sjå forandringa som kan skje med ei gruppe menneske i løpet av eit par dagar gjere noko med ein. Som sjukepleiar og ambulansearbeidar er ein ofte i den situasjonen at det ein gjere har ei innverknad på eit menneske sitt liv. Men det er første gangen det har vore trettitre på ein gang. Utan for eit flyktningmottak på den polsk ukrainske grensa kom det trettitre flyktningar med alt dei har i hendene. Blant desse var det barn, mødre og besteforeldre.
Det var og ein relativ ung mann i 40 åra som var dimittert av den ukrainske hæren på grunn av synet. Og det var ein annan relativ ung mann som var døv, forstår kunn russisk teiknspråk. Ingen av desse trettitre hadde det lett. Nokon så ut som dei ikkje heilt viste kva dei ville, andre gjekk meir målbevist inn på bussen. Alle var prega av at dei for berre nokre få dagar sidan hadde flykta for livet sitt mens russiske bomber prøvde å ta livet deira.
På bussen var det stille, ingen barn som lo eller som slås med søsken som barn brukar å gjere. Heller ikkje blant dei vaksne var det mykje prat enda dei satt med nærmaste familie. Alle såg spente og litt redde ut. Vi frivillige gjekk rundt om i bussen med eit smil for å gi ei tryggheit til desse.
På grunn av diverse uheldige hendingar så vart turen forlenga med eit døgn, ikkje bra for oss, men mi oppfatning er at det var godt for flyktningane. Dei fekk overnatte på eit hotell og fekk reine sengeklede og eiga seng for første gang på lenge.
Når vi omsider nærma oss grensa til Norge såg eg tydleg forandringar blant flyktningane. Dei ville lære seg namna vore. Dei opna opp og fortalde litt om seg sjølv. Enkelte stilte opp og hjalp til med praktiske ting. Rett før grensa så hadde vi ei lita samling sidan det ikkje ville vere anledning for det når vi leverte på mottaket.
No såg vi stadig fleire som smilte og når dei såg på oss la dei handa si på hjarte. Framme på mottaket var det ein heilt anna gjeng vi leverte enn den gjengen vi tok på i Polen. Dei var glade for å vere trygge, dei var glade over å sjå fly som ikkje slapp bomber. Og dei gav tydleg uttrykk for at dei var glade for det vi hadde gjort for dei.
Hjelp oss til å sette opp fleire bussar for å evakuere ukrainske flyktningar til Norge.
Bruk VIPPS nr 733207
På førehand takk. Magnar Skorven, nestleder styret Response Norway